Om meg

Bildet mitt
Hordaland, Norway
Eg elsker å sy og har dilla på stoff. Kjøper dermed mykje meir enn eg har tid til å sy av, men får jo kansje brukt for det ein dag. Syr for det meste til guttene, meg sjølv, resten av familien og venner. Ønsker meg meir tid til å være kreativ, men ikkje så lett med hus, mann, barn og deltidsjobb... Håper du kan ha litt glede og kansje få litt inspirasjon av å sjå det som eg har laga. Og eg er alltid glad for kommentarer :) P.S: Eg tar gjerne imot sy-oppdrag ;) e-post: janne.j@online.no

fredag 28. januar 2011

Silke tunika

Hadde nesten glemt denne.... Lilla silketunika med masse rynker og pyntebånd nederst. Den er ikkje dampet på bilde, så den er ganske rynkete. Tunikaen vart veldig fin, men noke herk og sy... Vanskelig stoff og mykje arbeid, så trur dette vært den første og eineste av denne typen.....;)




onsdag 26. januar 2011

*Hjerter 3*

Endelig har eg fått sydd ein kjole til meg sjølv :) Den er sydd i fleece og pyntet med hjerter, eit for lillebror, eit for storebror og eit for kjære sambo :) Skikkelig god og varm kosekjole!

30-års gave

30-års gave til mi andre kjære svigerinne ;) Veske og bleiemappe i svart og grønn cord fløyel, pvc stoff som for.
Glidelås lukking i toppen, fleire lommer inni og to lommer bakpå med plass til flasker e.l.


Fargerik kjole :p

Fargerik kjole i velour (med høg/vid hals og 3/4 lange ermer) til ei som vanligvis går kledd i svart, grått og kvitt. Ganske sprekt fargevalg ;)

Ullkjoler

Ullkjoler på bestilling, nok ein gang til mi kjære svigerinne ;) Grått, lilla og offwhite ullstoff fra S&S. Var ganske tjukk ull, så kjolene er varme! Men passer fint ein kald vintersdag. Den første er det applikert på blomst av ullstoff og pyntebånd, den andre har fått lommer. Lommene er ikkje ulike altså...berre kjolen som heng litt skeivt...;)

*Monstergenser*

Petrol blå fleece hettegenser til eldstemann, lomme med monster strykemerker frampå. Den var litt stor så er ikkje brukt endå, men vært nok god å ha til ein litt kald vårdag :)

Endå ei veske..

Ei veske som faktisk er sydd på oppdrag.... Litt nervepirrende å sy noke for salg, men trur kjøper vart fornøyd :) Den er sydd i samme stoff som "veninne veska", berre ein annen farge. Har samme nydelige stoff i grønt, rosa og turkis. Den har lomme med applikasjon frampå og to lommer inni.

*Telle Sauer*

Denne veska vart sydd og gitt i bursdags presang til mi kjære svigerinne :) Ho valgte ut stoff sjølv, dette og fra S&S, ellers skulle den brukes litt som ei stelleveske. Så den har fleire gode rom inni og i tillegg er det "flaskelommer" på sidene utenpå.

*Sopptur*

Dette er virkelig blitt ei av favoritt veskene og er i bruk nesten kvar dag. Elsker dette bomullstoffet med soppmotiv fra S&S, inni er den foret med kvit voksduk og har ei glidelåslomme.  Den er akkurat passe liten og passe stor ;) Får med meg alt eg treng når eg går ut døra :)

*Happy Feet*

Hjelmhuer og bukse i pingvin stoff fra S&S.
 

Fleire vognposer..

Tenkte det ein gong skulle komme ei jente i familien...så eg sydde rooosa vognpose med søte bamser inni. Men så langt ingen jenter, så den ligg her i eit skap ;) Den andre posen er sydd som "voksi" pose, med eit ullteppe som for og med guttenes gamle gardiner utenpå. Den har me fått brukt ein del på kalde høst-/vår dager.

tirsdag 25. januar 2011

Veninne veske

Har sydd noken vesker som gave til gode veninner :)
Her er ei av dei.... sydd i turkis tjukt bomullstoff og brun cordfløyel.
Trur ho vart fornøyd med den ;)



Stjernebukse

Ein av mine gamle dongeri bukser vart "stjerne bukse" til eldstemann :)
Brukte kun nederste del av buksebeina, fram- og baklommer.
Stjernevelour fra stoff & stil
er brukt som ribb og på lommene.
 

Symaskinene mine

Til 20-års dagen min fekk eg overta den gamle bernina symakina til mamma.
Det er ei enkel og grei, men veldig god maskin.
Men eg har jo skjønt at til å sy klær er det overlock som gjeldt ;)
Så no har eg kjøpt naboens gamle overlock maskin.... det gjenstår berre å bli "venn" med den, og skjønne korleis den virker. Trur eg treng litt ekspert hjelp ;)

mandag 24. januar 2011

Stelleveske til lille C

Har sydd stelleveske til min lille søte nevø :)
Den har bevernylon utenpå, så den er vannavstøtende, og eit utrolig søtt bomullstoff inni. Vesken har mange rom, og det er med stellematte og smokkesnor.

Huedilla

Huer fant eg ut måtte være ganske enkelt å sy..... Brukte noken eg hadde fra før som mal, og endte opp med noken fleece huer som var brukende. Med applikerte motiv, hjerter og stjerner.



Mitt første prosjekt

Det første eg sydde, etter å kun ha lagt opp bukser, var ei vognpose til eldstemann.
Den er sydd med fleece i ytterstoff og bomullstoff fra ikea som innerstoff. Sydde og hol til seler. Glidelås i begge sider, så lokket er avtagbart. Ikkje verst for å være første gang eg hadde sydd glidelås ;)