Om meg

Bildet mitt
Hordaland, Norway
Eg elsker å sy og har dilla på stoff. Kjøper dermed mykje meir enn eg har tid til å sy av, men får jo kansje brukt for det ein dag. Syr for det meste til guttene, meg sjølv, resten av familien og venner. Ønsker meg meir tid til å være kreativ, men ikkje så lett med hus, mann, barn og deltidsjobb... Håper du kan ha litt glede og kansje få litt inspirasjon av å sjå det som eg har laga. Og eg er alltid glad for kommentarer :) P.S: Eg tar gjerne imot sy-oppdrag ;) e-post: janne.j@online.no

søndag 28. september 2014

#ull joggis

Enda eit påbegynt prosjekt som berre ikkje var heilt ferdig før det ble lagt vekk..... Hettegenser og bukse i fine krinkellull fra Janus :-) Utrulig kjekt at dei har starta "Ull på rull". Mykje fine ullstoff til veldig ok pris! Så ville mini ha traktor på ;-) veit ikkje kor lenge den heng fast, men.. men.. Han vart fornøyd!

#merinoull pinnsvin

Då var det begynt å bli kaldere i været og det var på tide og avslutte nokre prosjekt.. Ein hettegenser i merinoull til minstemann. Stoffet er fra www.myllymuksut.com ein finsk nettbutikk med myyykje fine ull/bambus stoff. Mønster er fra boka "Sy glade klær til glade barn". Kjekk bok med mange fine mønstre, laga av Heilt Spesiell og Jubel :-)

mandag 1. september 2014

*blonde detaljer*

Blonder er veldig populært for tiden, har derfor prøvd meg på ein topp med nokre blonde detaljer. Stoffet er kjøpt på Janus "ull på rull" og blonden er kjøpt på Etsy. Etsy er ei kjekk nettside med salg av både handlaga ting/klær og materiell. Og eg er super glad for at eg bur ikkje så langt fra utsalget til Janus ;-)
  "ull himmelen"