Om meg

Bildet mitt
Hordaland, Norway
Eg elsker å sy og har dilla på stoff. Kjøper dermed mykje meir enn eg har tid til å sy av, men får jo kansje brukt for det ein dag. Syr for det meste til guttene, meg sjølv, resten av familien og venner. Ønsker meg meir tid til å være kreativ, men ikkje så lett med hus, mann, barn og deltidsjobb... Håper du kan ha litt glede og kansje få litt inspirasjon av å sjå det som eg har laga. Og eg er alltid glad for kommentarer :) P.S: Eg tar gjerne imot sy-oppdrag ;) e-post: janne.j@online.no

fredag 28. september 2012

*Fargerik krydderhylle*

Som sagt skulle eg legge ut bilder av dei andre krydderhyllene mine også.........
Og her er resultatet av den eg fekk hjå mamma, fargerik og fin ;)
Glemte selvsagt før bilde, men den var slitt kvit malt med blanke plast skuffer. Den har fått seg ett eller tre nye lag med kvit maling og skuffene er spray lakkerte i glade farger, rosa, orange og mørk lilla. 
Spraylakken er kjøpt på Panduro.

 Hyllen gjer nytte som oppbervaring på det litle syrommet mitt og har plass til mange knapper, tråd og bånd.

Syns den vart så fin og fargerik....vært glad av å sjå på den :)

torsdag 20. september 2012

*PANCO*

 Har forelska meg fullstendig i desse gamle krydderhyllene, dei er så fine og praktiske!
Bestemte meg for at ein sånn ville eg ha..... men dei er ganske vanskelig å få tak.  Men ting løyser seg og eg pleier å få det som eg vil ;)


 Det viste seg at mor hadde ei gammel hylle i kjelleren, firkantet med plasthyller. Så den fekk eg, snille mamma :) Samtidig hadde eg lagt ut ønske om slik hylle på fb, og der dukka denne lyseblå panco hylla opp. Den er gammel og var litt knust, slitt og ekstremt skitten men eg fekk den gratis av ei hyggelig dame på ein gård. Og etter ein real vask og ny kvitmaling vart den kjempe fin.

Så den har fått plass på veggen på soverommet, og har plass til masse smykker, sminke og dill ;) Fint å sjå på når eg ligg i senga dette, fine gutter og fin hylle.
Og til slutt må eg fortelle at eg fekk kjøpt ei stilig raud panco hylle på nettet og.......
Så her følger snart fleire bilder med fleire stilige retro krydderhyller ;)