Om meg

Bildet mitt
Hordaland, Norway
Eg elsker å sy og har dilla på stoff. Kjøper dermed mykje meir enn eg har tid til å sy av, men får jo kansje brukt for det ein dag. Syr for det meste til guttene, meg sjølv, resten av familien og venner. Ønsker meg meir tid til å være kreativ, men ikkje så lett med hus, mann, barn og deltidsjobb... Håper du kan ha litt glede og kansje få litt inspirasjon av å sjå det som eg har laga. Og eg er alltid glad for kommentarer :) P.S: Eg tar gjerne imot sy-oppdrag ;) e-post: janne.j@online.no

tirsdag 4. desember 2012

*Angry Birds & Smurf*

Har mange prosjekt på gang for tiden, men dei fleste er selvfølgelig berre halvferdige ;P
Det eg har blitt ferdig med er ein del huer som eg ville prøve å selge.
 
 Angry Birds huer med for og ribb:)
Smurfe huer med for og ribb:)Fine stoffer kjøpt på Ixat, ein amerikansk nettside.
Fekk sydd opp 10 huer og alle er solgt, så veldig fornøyd med det.

Ser og at besøkstelleren min plutselig har passert 5000....:D
Kansje det er på tide med ein ny "gje vekk snart" for å feire!!

fredag 5. oktober 2012

*Rød Panco*

Siste krydderhylle i samlingen ;-)
Ein stilig rød hylle fra panco! Den fekk eg tak i på finn.no. Den var ganske strøken men litt gulnet farge på selve hylla, så den fekk seg et par strøk kvit maling. Den gjer god nytte for seg på kjøkkenet, og har hyllene fulle av sukker, havregryn, ris og mel :-)


*Marimekko veske*

Veske med god plass er viktig ;-)
Denne er sydd av stilig marimekko unikko stoff, kjøpt på ebay. Og har et stort rom inni med ei lita lomme.
Kvir meg alltid til å klippe i dette stoffet for det er så dyrt! :-/


fredag 28. september 2012

*Fargerik krydderhylle*

Som sagt skulle eg legge ut bilder av dei andre krydderhyllene mine også.........
Og her er resultatet av den eg fekk hjå mamma, fargerik og fin ;)
Glemte selvsagt før bilde, men den var slitt kvit malt med blanke plast skuffer. Den har fått seg ett eller tre nye lag med kvit maling og skuffene er spray lakkerte i glade farger, rosa, orange og mørk lilla. 
Spraylakken er kjøpt på Panduro.

 Hyllen gjer nytte som oppbervaring på det litle syrommet mitt og har plass til mange knapper, tråd og bånd.

Syns den vart så fin og fargerik....vært glad av å sjå på den :)

torsdag 20. september 2012

*PANCO*

 Har forelska meg fullstendig i desse gamle krydderhyllene, dei er så fine og praktiske!
Bestemte meg for at ein sånn ville eg ha..... men dei er ganske vanskelig å få tak.  Men ting løyser seg og eg pleier å få det som eg vil ;)


 Det viste seg at mor hadde ei gammel hylle i kjelleren, firkantet med plasthyller. Så den fekk eg, snille mamma :) Samtidig hadde eg lagt ut ønske om slik hylle på fb, og der dukka denne lyseblå panco hylla opp. Den er gammel og var litt knust, slitt og ekstremt skitten men eg fekk den gratis av ei hyggelig dame på ein gård. Og etter ein real vask og ny kvitmaling vart den kjempe fin.

Så den har fått plass på veggen på soverommet, og har plass til masse smykker, sminke og dill ;) Fint å sjå på når eg ligg i senga dette, fine gutter og fin hylle.
Og til slutt må eg fortelle at eg fekk kjøpt ei stilig raud panco hylle på nettet og.......
Så her følger snart fleire bilder med fleire stilige retro krydderhyller ;)

onsdag 22. august 2012

*Sukkertøy for øyet, give away*

GIVE AWAY HJÅ

"Sukkertøy for øyet"

her

Ein super flott og veldig inspirerende blogg!!



tirsdag 14. august 2012

*Putedilla*

Hadde ikkje trudd det.. Men har visst fått litt dilla på puter :-P Så her er dei nye sofa putene mine :-D Stoff fra S&S.


tirsdag 24. juli 2012

*Kjøredress*

Fekk eit artig sy-oppdrag for ikkje så lenge sidan: kjøredress til ein liten gutt på 7 mnd.
Og det skulle ikkje være ein vanlig heildress, men ein som ligna på den pappen hans bruker når han kjører billøp ;) 
Den er sydd av eit mønster eg hadde på heildress, men er lagt til ein del "effetkter". Har sydd striper med kvit tråd og tvillingnål. Har og sydd belte med striper som kan brukes i tillegg.

Ein liten detalj fra skulderen...hempe som det skal komme logo på.

Satser på gutten blir stilig når han skal heie på pappen sin!

*Lue-dilla*

Har heve meg på lue dilla som går blant dei fleste som elsker å sy :)
Har sydd ein del, men dei fleste har forsvunnet ut av huset før eg rakk å ta bilde av dei....
Så her er bilde av dei to siste. Syns luene med ribbkant blir veldig fine og gode å ha på.
Str. ca 6-8 år
Det lyseblå stoffet er fra S&S og det andre er "cirkus" fra Gekko.

*Sjørøver puter*

Siste prosjekt er puter.......sjørøver puter til sengen på leikerommet.
Har ei ekstra seng stående på leikerommet til guttene og der blir det jo ein del herjing ;)
Så tenkte det kunne være godt med noken puter i den, og det skader jo ikkje med sjørøver motiv :)

Innerpute kjøpt på Ikea og stoff kjøpt på e-bay (ei "farlig" nettside å bli hekta på), trur det kansje kan være "Michael Miller".

onsdag 20. juni 2012

*Syden t-skjorte*

"MonsterTrucks og Dinosaurs
på tur til Mallorca"

Skulle jo sy litt t-skjorter til gutta då me skulle til Syden...det vart med ein til kvar :P
Men trur dei vart fornøyd med det... Her er dei i flyet på vei ned. Kjempe spente,
aller første flytur for dei!
Mønster: eget, (tegnet av t-skjorte)
Stoff: monstertrucker fra Sydilla, selvfølgelig ;)


 Måtte ta med eit bilde fra stranda der dei hadde dinosaur t-skjorte på :)
Desse er sydd tidligere, men passa supert i fin været.
Mønster: eget
Stoff: fra Tiljamiid/En stor rull

tirsdag 17. april 2012

*Zopp Design med give away*

Her er link til Zopp Design sin supre give away med flotte premier!
Eg skal hvertfall prøve vinnerlykken :)
Var nett så heldig at eg vant ei kul ugle pute hjå Lille Leo og ;)

tirsdag 10. april 2012

*Varm vår*

Eg ser fram mot ein varm og fin vår ;)
Og inspirert av bildene fra "en utfordrings blogg for søm" vart denne kjolen til.

Stoffet er jersey, kjøpt på S&S og mønsteret er eget.

Så dette vært mitt bidrag til denne månedens utfordring "vår".


søndag 25. mars 2012

*PolkaDot*

PolkaDot kjole til meg sjølv :) Satser på eg får brukt den i syden ;P

Stoff og mønster fra S&S, veldig enkelt mønster. Samme som festkjolen med sølv hodeskaller.
Så har eg prøvd noke nytt med bilde i dag...nemlig å lage kvit bakgrunn.
Gjekk på eit vis, men eg må nok bli meir stø på hånden for å fine kanter.
Ikkje noke avanserte greier, fekk det til på eit vis i Paint.

onsdag 29. februar 2012

*Lillefot og vennene*

T-skjorte til gutta med dinosaurer, selvfølgelig ;)
Denne er minstemann sin og storebror får ein heilt lik, berre med mørke grønne kanter rundt. Satser på at desse vært mykje brukt når me skal til syden i mai :) Tenkte å få lagd litt klær til guttene og litt kjoler til meg, så det bør være varmt og fint :)
Stoff kjøpt fra Tiljamiid.

torsdag 23. februar 2012

*Lille Rødhette*

Hadde litt rødhette jersey igjen, så då vart det nok til ei lita snuppekjole :)
Hadde ikkje noke mønster i riktig str, så det vart litt sånn på frihånd... Men den skal være ca str 1/2 år. Tenkte det kansje skulle bli ei barsel gave, så får håpe den vil passe til sommeren ;)

*Little Red Riding Hood*

Min nye eventyrlige topp/kjole med søte Rødhette :)
Litt barnslig har man lov til å være ;)
Elsker dette herlige stoffet, kjøpt fra Textart. Og sidan eg ikkje har noken jenter sjølv....så måtte eg berre sy noke til meg sjølv. Mønsteret er onion, og det brune stoffet er mjuk og deilig bambus frotte fra Myllymuksut. Så dette er ein skikkelig kosekjole :)

*Amigurumi*

Jepp....da har eg prøvd meg på ;)
Har egentlig ikkje hekla noke før, så eg måtte få eit lite lynkurs hjå ho mor.
Og det var visst ikkje det enklaste eg kunne begynt på......Men må jo lage det ein har lyst til, ellers forsvinn inspirasjonene og dermed vært ein jo aldri ferdig ;)

Såååå...møt lille grønne ape
Vart no ganske søt til slutt og engentlig ikkje så veldig vanskelig heller.
No venter han berre på kompisen, giraffen ;)

torsdag 12. januar 2012

*Hue og hals*

som skal avgårde i posten til ein kul 3 åring ;)
Sydd  i "fordon" interlock kjøpt fra Kameleont Design.

Kjempe tøft stoff! Finnes i mange farger i både jersey og velour.
Har tidligere sydd bukser og genser i blå velour.

onsdag 4. januar 2012

*Festkjole*

Den nye festkjolen min :) Sydd av stretch stoff, kjøpt på fabric.com, med skinnende hodeskaller i sølv:) Skikkelig "Kaptein Sabeltann" kjole som minstemann kaller den for ;) Men heldigvis er hodeskallene veldig små, så er du litt på avstand ser du berre sølv skimmer.
Beklager utrolig dårlig mobil bilde.....

Det begynte med ein kjole eg såg på tv som eg falt for, fant eit mønster på stoff og stil som lignet veldig, og vart ganske fornøyd med resultatet. I tillegg er det ein veldig enkel kjole å sy, så det vært nok fleire av denne varianten :)