Har forelska meg fullstendig i desse gamle krydderhyllene, dei er så fine og praktiske!
Bestemte meg for at ein sånn ville eg ha..... men dei er ganske vanskelig å få tak. Men ting løyser seg og eg pleier å få det som eg vil ;)
Det viste seg at mor hadde ei gammel hylle i kjelleren, firkantet med plasthyller. Så den fekk eg, snille mamma :) Samtidig hadde eg lagt ut ønske om slik hylle på fb, og der dukka denne lyseblå panco hylla opp. Den er gammel og var litt knust, slitt og ekstremt skitten men eg fekk den gratis av ei hyggelig dame på ein gård. Og etter ein real vask og ny kvitmaling vart den kjempe fin.
Så den har fått plass på veggen på soverommet, og har plass til masse smykker, sminke og dill ;) Fint å sjå på når eg ligg i senga dette, fine gutter og fin hylle.
Og til slutt må eg fortelle at eg fekk kjøpt ei stilig raud panco hylle på nettet og.......
Så her følger snart fleire bilder med fleire stilige retro krydderhyller ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar